 |
|
Kort om SNU Kva me gjer Eigarskap og styre Kontakt oss Prosjektutvikling SNU-plass 2011 SNU-plass 2009 SNU-plass Oslo 2008 SNU-plass Trondheim
|
|
| | Kontakt oss | | | | | Nyttige lenker | | | |
| Siste nyhende | TOVE OLDEREIDE BJØRK VERT NY DAGLEG LEIAR I SNU |
Styret i Snu har tilsett Tove Oldereide Bjørk som ny dagleg leiar. Bjørk er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole og kjem frå stillinga som Prosjektkontroll koordinator hos Apply Leirvik.
Tidlegare har ho arbeidd som kontorleiar ved Sjøtroll si avdeling i Brandasund, samt Aker Maritime Hydraulics og Teknologisenteret. - Med si utdanning og industrielle erfaring, vil Tove Oldereide Bjørk vera ein viktig ressurs i næringsutviklingsarbeidet til våre eigarar, seier styreleiar Atle Tranøy.
|  | | Les meir | 15.12.2011 |
|
|  | FANARI på Nattrutekaien 9 - 11 desember 2011 | FANARI har invitert kunstnarar og kreative næringar til felles visning på Nattrutekaien, Leirvik 9 - 11 desember 2011. Det vil bli høve til å møte deltakarar innan felta litteratur, design, arkitektur, biletkunst, foto og tekstil. Publikum vil kunne få oppleve mykje flott kunst og kreativitet, samt gjere gode julegåve kjøp!
FANARI ynskjer å skapa møteplassar for utøvande aktørar, og vil med dette prosjektet også gi publikum muligheita til å få eit innsyn i kreativiteten som er på denne møteplassen! |  | | Les meir | 22.11.2011 |
|
|  | Populært seminar om Bruk av Sosiale Medier i Marknadsføringa | Tysdag 1. november arrangerte SNU, i samarbeid med NAV Markedstjenester Hordaland, seminar i Bruk av Sosiale Medier i Marknadsføring på Stord Hotell. Til saman over 40 påmeldte vitna om stor interesse for temaet. Deltakarar ifrå dei største konserna på øya, mindre selskap, gründer verksemder, privat- og offentleg sektor deltok. Det viser at temaet er aktuelt og nyttigt for alle typar verksemder.
Deltakarane fekk høyre Carl Christian Grøndhal frå Synlighet sin presentasjon, og hadde høve til å stille spørsmål undervegs. Det vart også spurt om råd i forhold til konkrete aktivitetar som deltakarane jobbar med. Dei som var på seminaret kan laste ned presentasjonen her |  | | | 15.11.2011 |
|
|  | Seminar om nye medier og marknadsføring tysdag 1. november |
Korleis bruka sosiale media i marknadsføringa på ein smart og effektiv måte?
Tysdag 1. november kl 13 - 16 inviterer SNU til seminar om nye media og marknadsføring.
Sosiale media som blogg, Facebook, LinkedIn, Twitter osb. gjev nye og spanande mogelegheiter for å gjera verksemda eller produkta dien syneleg og attraktive for ulike målgrupper. Men kva kjenneteikner sosiale media, og korleis nyttar ein desse kommunikasjonkanalane på ein optimal måte? |  | | Les meir | 19.10.2011 |
|
|  | Invitasjon til lunchmøte om CE-merking: Vis at du oppfyller EU sine krav | Arbeidstilsynet og Innovasjon Norge inviterer til gratis lunsjmøte i Bodø, Trondheim, Bergen og Oslo om CE-merking og samsvarserklæring. Ynskjer du å fortelje kundane at ditt produkt innfrir alle EU-krav til helse, miljø og sikkerhet? Kven kontrollerer at CE-merka produkt fyller krava? Og kva krav gjeld for import av produkter til EU? |  | | Les meir | 19.10.2011 |
|
|  | SNU søkjer dagleg leiar og forretningsutvilkar | | Les meir om SNU og båe stillingsutlysingane her. |  | | | 05.10.2011 |
|
|  | SNU søkjer kandidatar til sin styrebank! | | SNU har ein styrebank, der verksemder kan finne eksterne styremedlemmer. Om du kunne tenkje deg å registrera deg i denne styrebanken, ta kontakt med SNU på post@snu.as eller registrer deg på nettsida til SNU www.snu.as. |  | | Les meir | 29.09.2011 |
|
|  | Avgangsstudentar ved HSH søkjer kontakt med næringslivet! | | Avgangsstudentane ved økonomiske/administrative studie søkjer kontakt med næringslivet i høve med sin bacheloroppgåve (prosjektoppgåve) siste studieår. Oppgåva skal ta for seg praktiske problemstillingar og utfordringar i ei verksemd eller ein offentleg etat. |  | | Les meir | 26.09.2011 |
|
|  | Populær StartOpp samling | | SNU hadde 16 deltakarar på StartOpp-samlinga tysdag 20. september. Desse fekk informasjon om val av selskapsform, offentlige plikter, bank, rekneskap og revisjon, utarbeiding av forretningsplan, samt sal og marknadsføring. |  | | Les meir | 21.09.2011 |
|
|  | |
|
| | Eldre nyhende | | | | 16.09.2011 | Innovasjon Norge har kontordag i Sunnhordland | Dette er eit tilbod til både gründere og meir etablerte verksemder som ynskjer å møta Innovasjon Norge lokalt for å presentera sine prosjekt og diskutera moglegheiter for å søkje støtte. | | 09.09.2011 | Oppfinnarprisen 2011 - Søknadsfrist 18. oktober | Har du ei oppfining som fortener ein pris på kr 75 000? I så fall har du frist til 18. oktober til å senda påmelding for å vinna Hordaland Fylkeskommune sin oppfinnarpris for 2011. | | 07.09.2011 | SNU og Maritime CleanTech West presentert for to ministrar på ein dag | Nærings- og handelsminister Trond Giske med tru på ein tramtidsretta industri | | | | | | Nyhendebrev | | | | Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhendee-post | |
| | Samarbeidspartnere | | | |
|