 |
|
Kort om SNU Kva me gjer Eigarskap og styre Kontakt oss Prosjektutvikling SNU-plass 2011 SNU-plass 2009 SNU-plass Oslo 2008 SNU-plass Trondheim
|
|
| | Kontakt oss | | | | | Nyttige lenker | | | |
SNU og Maritime CleanTech West presentert for to ministrar på ein dag | | Nærings- og handelsminister Trond Giske med tru på ein tramtidsretta industri | | | Nærings- og handelsminister Trond Giske var på Stord 6. september, og ynskte då å få ei nærmare presentasjon av den industrielle satsinga på miljøteknologi. Møtet fann stad hos Kværner Stord der leiar for SNU og prosjektleiar for Maritime CleanTech West, Hege Økland, saman med administrerande direktør i Eidesvik, Jan Fredrik Meling var invitert for å presentera miljøteknologisatsinga i regionen. | | | Administrerande direktør ved Kværner Stord, Lars Eide, gav Giske ein grundig presentasjon av Kværner, der han også kom inn på Kværner Stord si satsing på transformator-plattformar i offshore-vind parkar. | | | Jan Fredrik Meling frå Eidesvik påpeika at industrien har løysingar som kan bidra til store utsleppsreduksjonar både i klimagassar og i støv og partiklar. Styresmaktene må då stilla krav gjennom lover og regelverk til at slik teknologi vert nytta. Meling presenterte også prosjektet Hordaland Maritime Miljøselskap (HMMS) der Eidesvik har eit samarbeid med Bergen Havn om gi strøm til cruiseskip og andre fartøy i hamna via eit kraftgeneratorskip. Dette prosjektet kan bidra til store reduksjonar i NOx-utslepp i Bergen. | | | Hege Økland presenterte den regionale satsing på miljøteknologi og prosjektet sine målsettingar om å få etablert eit felles demonstrasjons- og pilotprosjekt for låg-/nullutsleppsteknologi. Økland poengterte at det er naudsynt å få tilrettelagt infrastruktur for slik uttesting og her kan staten spela ei viktig rolle. Giske understreka at satsinga på miljøteknologi er i tråd med Arbeidarpartiet sitt sin næringspolitiske strategi for vestlandet som har fått namnet ”Næringsløftet i Vest”. | | | | | | Grundig innføring i leverandørindustrien og miljøteknologi til Olje- og energiministeren Seinare på dagen kom Olje- og Energiministeren til Stord i regi av Stord SP. Ministeren fekk først presentert dei store offshoreleverandørverksemdene på Stord, Kværner Stord og Apply Leirvik. | | | Deretter vart miljøteknologisatsinga presentert der medlemsverksemdene våre, Eidesvik og Wärtsilä, fekk vist deira satsing på miljøteknologi og konkrete prosjekt som gir utsleppsreduksjonar. Hege Økland gav også her ei orientering om Arena-prosjektet og kva ein vektlegg i klyngesamarbeidet. | | | Borten Moe gav ei kort orientering om petroleumsmeldinga og gav uttrykk for at besøket hadde vore lærerikt, og at han ynskte vidare kontakt med dei ulike aktørane på møtet. | | | | | | | | | | |
| |
|
| | Siste nyhende | | | | 22.02.2012 | Nyskapingskonferansen 2012 - hald av 25. april! | Arbeidet med Nyskapingskonferansen 2012 er godt i gong! Hald av onsdag 25 april og følg med på nettsida for oppdatert program og påmelding. Sjå meir om årets konferanse her | | 20.02.2012 | GROW 2012 - Innovasjonskonferansen 15. mars i Bergen | Grow inspirerer til innovasjon i eksisterande verksemder og gir gründerar motivasjon og kunnskap. - Me viser deg suksesshistoriar og konkrete verktøy for å bli god, seier Asbjøln Algrøy, administererande direktør i Business Region Bergen, ansvarlig for Grow. På Grow får du nettverket og kunnskapen som trengst for å lukkast med innovasjon og utvikling, enten du jobbar i næringslivet, offentleg sektor eller forsknings- og utviklingsmiljøa.
| | 31.01.2012 | Ny Gründercafè 16. februar | Velkomen til Ny Gründerkafé med SNU!Har du nett starta eiga verksemd? Eller vurderer du å gjera det? SNU inviterer til gründerkafé på Bytunet Cafè, Bruchetta torsdag 16. februar kl 19-22. Påmelding til post@snu.as innan tysdag 14. februar.
| | | | | | Nyhendebrev | | | | Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhendee-post | |
| | Samarbeidspartnere | | | |
|