 |
|
Kort om SNU Kva me gjer Eigarskap og styre Kontakt oss Prosjektutvikling SNU-plass 2011 SNU-plass 2009 SNU-plass Oslo 2008 SNU-plass Trondheim
|
|
| | Kontakt oss | | | | | Nyttige lenker | | | |
Oppfinnarprisen 2011 - Søknadsfrist 18. oktober | | Har du ei oppfining som fortener ein pris på kr 75 000? I så fall har du frist til 18. oktober til å senda påmelding for å vinna Hordaland Fylkeskommune sin oppfinnarpris for 2011. | | | Oppfinnarprisen for Hordaland 2011 vert delt ut for å stimulera til auka kreativitet, innovasjon og verdiskaping i fylket. Det er difor viktig at søkjar har vilje og evne til å realisere og kommersialisere oppfinninga si, spesialrådgjevar Torill Monstad ved næringsseksjonen i Regionalavdelinga. | | | Prisen Prisen er i år på kr 75.000. I tillegg kan juryen gje to personar/miljø heiderleg omtale. | | | Prisen vert delt ut av fylkesordføraren på årets siste fylkesting i desember. | | | Kvinner og unge - igjen Oppfinnarprisen har vore delt ut årleg sidan 1993 med nokre få unnatak. Oppfinnarprisen for 2010 gjekk til oppfinninga CISS (Cupp Integrated Southbridge Solution), frå bedrifta CUPP Computing AS. | | | Så langt er det berre menn som har vunne, sjølv om kvinner har fått hederleg omtale. Blant anna fekk Brit Helle Aarskog heiderleg omtale for oppfinninga TextUrgy i 2010. Fylkeskommunen oppfordrar difor igjen spesielt kvinner og unge om å senda inn ideane og oppfinningane sine til konkurransen. | | | Må bu i Hordaland Kandidatar til oppfinnarprisen skal vera busette i og ha fast adresse i Hordaland. Kvar kandidat kan melda seg på med inntil to oppfinningar. Deltakarar som ynskjer å realisera ideen sin i Hordaland, vil få særskild merksemd. | | | Kva er ei oppfinning? Ei oppfinning er ei praktisk løysing på eit teknisk problem ved hjelp av naturen sine materiale og/eller energi. Oppfinninga kan være eit produkt eller ein framgangsmåte. (Store norske leksikon) | | | Retningsliner og skjema Retningsliner for Oppfinnarprisen for Hordaland 2011 (word) Påmeldingsskjema (word) | | | Påmeldingsfristen er sett til fredag 18. oktober 2011. | | | Påmeldinga skal sendast til Hordaland fylkeskommune Regionalavdelinga, Postboks 7900, 5020 Bergen | | | Kontakttelefon: 55 23 92 82 | | | | | | | |
| |
|
| | Siste nyhende | | | | 22.02.2012 | Nyskapingskonferansen 2012 - hald av 25. april! | Arbeidet med Nyskapingskonferansen 2012 er godt i gong! Hald av onsdag 25 april og følg med på nettsida for oppdatert program og påmelding. Sjå meir om årets konferanse her | | 20.02.2012 | GROW 2012 - Innovasjonskonferansen 15. mars i Bergen | Grow inspirerer til innovasjon i eksisterande verksemder og gir gründerar motivasjon og kunnskap. - Me viser deg suksesshistoriar og konkrete verktøy for å bli god, seier Asbjøln Algrøy, administererande direktør i Business Region Bergen, ansvarlig for Grow. På Grow får du nettverket og kunnskapen som trengst for å lukkast med innovasjon og utvikling, enten du jobbar i næringslivet, offentleg sektor eller forsknings- og utviklingsmiljøa.
| | 31.01.2012 | Ny Gründercafè 16. februar | Velkomen til Ny Gründerkafé med SNU!Har du nett starta eiga verksemd? Eller vurderer du å gjera det? SNU inviterer til gründerkafé på Bytunet Cafè, Bruchetta torsdag 16. februar kl 19-22. Påmelding til post@snu.as innan tysdag 14. februar.
| | | | | | Nyhendebrev | | | | Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhendee-post | |
| | Samarbeidspartnere | | | |
|