 |
|
Kort om SNU Kva me gjer Eigarskap og styre Kontakt oss Prosjektutvikling SNU-plass 2011 SNU-plass 2009 SNU-plass Oslo 2008 SNU-plass Trondheim
|
|
| | Kontakt oss | | | | | Nyttige lenker | | | |
TOVE OLDEREIDE BJØRK VERT NY DAGLEG LEIAR I SNU |
Styret i Snu har tilsett Tove Oldereide Bjørk som ny dagleg leiar. Bjørk er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole og kjem frå stillinga som Prosjektkontroll koordinator hos Apply Leirvik.
Tidlegare har ho arbeidd som kontorleiar ved Sjøtroll si avdeling i Brandasund, samt Aker Maritime Hydraulics og Teknologisenteret. - Med si utdanning og industrielle erfaring, vil Tove Oldereide Bjørk vera ein viktig ressurs i næringsutviklingsarbeidet til våre eigarar, seier styreleiar Atle Tranøy.
| | | Bjørk tek over stillinga som dagleg leiar etter Hege Økland som har vore dagleg leiar i SNU sidan 2006. Bjørk vil tiltre i SNU så snart hennar engasjement hos noverande arbeidsgjevar er avslutta. Hege Økland vil framleis vera tilsett i SNU og skal leia Arena-prosjektet Maritime CleanTech West. Arena er eit 3-årig program eigd av Innovasjon Norge, Norges Forskningsråd og SIVA. Gjennom Arena-prosjektet får nettverket Maritime CleanTech West finansiell og fagleg støtte til å vidareutvikla klyngesamarbeidet innanfor miljøteknologi. Økland har også vore prosjektleiar for forstudiet og forprosjekta som leia fram til etableringa av Maritime CleanTech West og deltaking i Arena-programmet. | | | SNU har også tilsett Torill Berge Nøstvåg som prosjektkonsulent i eit deltidsengasjement. Nøstvåg har blant anna hatt ansvar for arrangementet Fanari på Nattrutekaien, og vil framover vera engasjert i ulike prosjekt i SNU. SNU nyttar også Gunvald Ottesen som senior forretningsutviklar som bistår nye og etablerte verksemder i si forretningsutvikling. | | | Næringsutviklingsselskapet, SNU AS, er eigd av Fitjar kommune, Stord kommune, Stord Næringsråd, Fitjar Næringsråd og Fellesforbundet avd. Sunnhordland. | | | | | | | | | | | | | | | | |
| |
|
| | Siste nyhende | | | | 22.02.2012 | Nyskapingskonferansen 2012 - hald av 25. april! | Arbeidet med Nyskapingskonferansen 2012 er godt i gong! Hald av onsdag 25 april og følg med på nettsida for oppdatert program og påmelding. Sjå meir om årets konferanse her | | 20.02.2012 | GROW 2012 - Innovasjonskonferansen 15. mars i Bergen | Grow inspirerer til innovasjon i eksisterande verksemder og gir gründerar motivasjon og kunnskap. - Me viser deg suksesshistoriar og konkrete verktøy for å bli god, seier Asbjøln Algrøy, administererande direktør i Business Region Bergen, ansvarlig for Grow. På Grow får du nettverket og kunnskapen som trengst for å lukkast med innovasjon og utvikling, enten du jobbar i næringslivet, offentleg sektor eller forsknings- og utviklingsmiljøa.
| | 31.01.2012 | Ny Gründercafè 16. februar | Velkomen til Ny Gründerkafé med SNU!Har du nett starta eiga verksemd? Eller vurderer du å gjera det? SNU inviterer til gründerkafé på Bytunet Cafè, Bruchetta torsdag 16. februar kl 19-22. Påmelding til post@snu.as innan tysdag 14. februar.
| | | | | | Nyhendebrev | | | | Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhendee-post | |
| | Samarbeidspartnere | | | |
|