 |
|
Kort om SNU Kva me gjer Eigarskap og styre Kontakt oss Prosjektutvikling SNU-plass 2011 SNU-plass 2009 SNU-plass Oslo 2008 SNU-plass Trondheim
|
|
| | Kontakt oss | | | | | Nyttige lenker | | | |
SNU arrangerer StartOpp-samling torsdag 23. september | | | | | Tenkjer du å starte eiga verksemd? Eller har du allereie starta ny verksemd? | | | SNU gjentek suksessen frå tidlegare og arrangerer torsdag 23. september kl 11.30-16 ei ny StartOpp-samling. | | | På StartOpp-samlinga får du vite meir om aktuelle tema for deg som vil starte eiga verksemd. | | | Skatteetaten, SparebankenVest og KPMG vil gje deg lærerik innsikt vedrørande offentlege plikter, val av selskapsform, finansiering, og krav til rekneskap og revisor. Vidare vil SNU presentera seg sjølv og kva dei kan hjelpa deg med, gje deg eit innblikk i kva ein forretningsplan bør innehalda, samt ha eit innlegg om sal og marknadsføring. I tillegg vil to gründerar fortelje om sine erfaringar med å starta eiga verksemd. | | | StartOpp-samlinga er gratis og finn stad hjå SNU AS, Thiisafabrikken, Hamnegata 48, Leirvik. | | | Påmelding innan 20. september til post@snu.as eller 53 40 15 50 | | | | | | | |
| |
|
| | Siste nyhende | | | | 31.01.2012 | Ny Gründercafè 16. februar | Velkomen til Ny Gründerkafé med SNU!Har du nett starta eiga verksemd? Eller vurderer du å gjera det? SNU inviterer til gründerkafé på Bytunet Cafè, Bruchetta torsdag 16. februar kl 19-22. Påmelding til post@snu.as innan tysdag 14. februar.
| | 15.12.2011 | TOVE OLDEREIDE BJØRK VERT NY DAGLEG LEIAR I SNU |
Styret i Snu har tilsett Tove Oldereide Bjørk som ny dagleg leiar. Bjørk er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole og kjem frå stillinga som Prosjektkontroll koordinator hos Apply Leirvik.
Tidlegare har ho arbeidd som kontorleiar ved Sjøtroll si avdeling i Brandasund, samt Aker Maritime Hydraulics og Teknologisenteret. - Med si utdanning og industrielle erfaring, vil Tove Oldereide Bjørk vera ein viktig ressurs i næringsutviklingsarbeidet til våre eigarar, seier styreleiar Atle Tranøy.
| | 22.11.2011 | FANARI på Nattrutekaien 9 - 11 desember 2011 | FANARI har invitert kunstnarar og kreative næringar til felles visning på Nattrutekaien, Leirvik 9 - 11 desember 2011. Det vil bli høve til å møte deltakarar innan felta litteratur, design, arkitektur, biletkunst, foto og tekstil. Publikum vil kunne få oppleve mykje flott kunst og kreativitet, samt gjere gode julegåve kjøp! FANARI ynskjer å skapa møteplassar for utøvande aktørar, og vil med dette prosjektet også gi publikum muligheita til å få eit innsyn i kreativiteten som er på denne møteplassen! | | | | | | Nyhendebrev | | | | Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhendee-post | |
| | Samarbeidspartnere | | | |
|