Framsida
Kontakt oss
Adresse
Postboks 217
5402 Stord
Telefon
53401550
Faks
53410058
E-post
postatsnu.as
www.snu.as
Vitjingsadresse
Thiisafabrikken
Hamnegata 48
Leirvik, Stord
SNU Prosjektutvikling AS
Les meir her
Verksemdene der me har eigarskap:
Dundelina AS
Fanari AS
Fitjar Småbåt & Fritidsservice AS
Nyttige lenker

Nyhendearkiv

Seminar om nye medier og marknadsføring tysdag 1. november



Korleis bruka sosiale media i marknadsføringa på ein smart og effektiv måte?


Tysdag 1. november kl 13 - 16 inviterer SNU til seminar om nye media og marknadsføring.

Sosiale media som blogg, Facebook, LinkedIn, Twitter osb. gjev nye og spanande mogelegheiter for å gjera verksemda eller produkta dien syneleg og attraktive for ulike målgrupper. Men kva kjenneteikner sosiale media, og korleis nyttar ein desse kommunikasjonkanalane på ein optimal måte?
Les meir 19.10.2011

Invitasjon til lunchmøte om CE-merking: Vis at du oppfyller EU sine krav


Arbeidstilsynet og Innovasjon Norge inviterer til gratis lunsjmøte i Bodø, Trondheim, Bergen og Oslo om CE-merking og samsvarserklæring.
Ynskjer du å fortelje kundane at ditt produkt innfrir alle EU-krav til helse, miljø og sikkerhet? Kven kontrollerer at CE-merka produkt fyller krava? Og kva krav gjeld for import av produkter til EU?
Les meir 19.10.2011

SNU søkjer dagleg leiar og forretningsutvilkar

Les meir om SNU og båe stillingsutlysingane her.
 05.10.2011

SNU søkjer kandidatar til sin styrebank!

SNU har ein styrebank, der verksemder kan finne eksterne styremedlemmer. Om du kunne tenkje deg å registrera deg i denne styrebanken, ta kontakt med SNU på post@snu.as eller registrer deg på nettsida til SNU www.snu.as.
Les meir 29.09.2011

Avgangsstudentar ved HSH søkjer kontakt med næringslivet!

Avgangsstudentane ved økonomiske/administrative studie søkjer kontakt med næringslivet i høve med sin bacheloroppgåve (prosjektoppgåve) siste studieår. Oppgåva skal ta for seg praktiske problemstillingar og utfordringar i ei verksemd eller ein offentleg etat.
Les meir 26.09.2011
  Forrige
Neste  
Siste nyhende
15.05.2012
God stemning på SNU-plass i Trondheim!

Torsdag 10.  mai var utflyttarar frå Stord og Fitjar invitert til å delta på årets SNU-plass i Trondheim – og deltakar-interessa var stor. Rundt 40 påmeldte ville høyra nytt frå heimstaden sin og møta ordførarane og 9 lokale verksemder. Apply Leirvik, Advantec, Akvator, Kværner Stord, Palantir, SKL, HSH, iDrift og Wärtsilä var alle representert med 1 - 2 utsendingar.


Stemninga var god og det kom mange positive tilbakemeldingar på ein flott kveld, der deltakarane fekk høyra lokale verksemder presentera seg. Fleire av dei hadde konkrete stillingar som dei treng folk til. Dei siste kontraktane som verksemdene på øya no har fått i hamn krev stor rekruttering. Dette var mellom anna noko Kværner Stord og Apply Leirvik var tydlege på.
03.05.2012
Klart for ny Gründerkafè 15.mai!

Har du nett starta eiga verksemd? Eller vurderer du å gjera det?
SNU inviterer til gründerkafé på Bytunet Cafè, Bruchetta tysdag 15. mai kl 19-22.
Påmelding til post@snu.as innan fredag 11.mai.


 

23.04.2012
Husk påmelding til SNU-plass i Trondheim 10. mai!

Arrangementet er gratis og finn stad på Nattergalen Bar & Kjøkken, Olav Tryggvasonsgate 33, torsdag 10. mai kl 19-22.30.
Det vil bli servering og litt underhaldning i tillegg til korte bedritspresentasjonar.
(merk at programmet byrjar kl 19.00, og at me opnar for registrering frå kl 18.30).


Påmelding til post@snu.as , telefon 53401550, innan 6. mai.
Det er også oppretta eiga facebook hending - 'SNU-plass 2012 i Trondheim'
Nyhendebrev
Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhendee-post



 
Samarbeidspartnere
Dynamiske websider: iDrift AS   Design: Ibox AS