Styret i Snu har tilsett Tove Oldereide Bjørk som ny dagleg leiar. Bjørk er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole og kjem frå stillinga som Prosjektkontroll koordinator hos Apply Leirvik.
Tidlegare har ho arbeidd som kontorleiar ved Sjøtroll si avdeling i Brandasund, samt Aker Maritime Hydraulics og Teknologisenteret. - Med si utdanning og industrielle erfaring, vil Tove Oldereide Bjørk vera ein viktig ressurs i næringsutviklingsarbeidet til våre eigarar, seier styreleiar Atle Tranøy.
FANARI har invitert kunstnarar og kreative næringar til felles visning på Nattrutekaien, Leirvik 9 - 11 desember 2011. Det vil bli høve til å møte deltakarar innan felta litteratur, design, arkitektur, biletkunst, foto og tekstil. Publikum vil kunne få oppleve mykje flott kunst og kreativitet, samt gjere gode julegåve kjøp!
FANARI ynskjer å skapa møteplassar for utøvande aktørar, og vil med dette prosjektet også gi publikum muligheita til å få eit innsyn i kreativiteten som er på denne møteplassen!