Framsida
Kontakt oss
Adresse
Postboks 217
5402 Stord
Telefon
53401550
Faks
53410058
E-post
postatsnu.as
www.snu.as
Vitjingsadresse
Thiisafabrikken
Hamnegata 48
Leirvik, Stord
SNU Prosjektutvikling AS
Les meir her
Verksemdene der me har eigarskap:
Dundelina AS
Fanari AS
Fitjar Småbåt & Fritidsservice AS
Nyttige lenker

SNU Prosjektutvikling

SNU Prosjektutvikling AS (PUF) vart etablert av SNU i årsskiftet 06/07. Fondet er etablert som eige aksjeselskap med ein aksjeeigaravtale som regulerer forholdet mellom aksjeeigarane. Det er også etablert ein rådgjevaravtale mellom SNU AS og SNU Prosjektutvikling AS.

 

I følgje Rådgjevaravtalen er SNU AS ansvarleg for forvaltning av fondet innan gitte fullmakter, og skal yte rådgjeving og forvaltning kostnadsfritt for fondet.

 

Fondet skal delvis erstatta dei statlege omstillingsmidlane og skal nyttast til nye verksemder / prosjekt som kan syna til potensiale i form av nye arbeidsplassar og lønnsemd. Prosjekta skal også vurderast ut frå SNU sine fokusområde og korvidt prosjekta vil støtte opp om den overordna målsettinga til SNU om å skape eit meir robust og breiare næringsstruktur.

 

SNU Prosjektutvikling AS vil kunne gå inn med eigardel i prosjekt opp til 33% av den samla aksjekapitalen. SNU Prosjektutvikling vil som følgje av sitt eigarskap krevje eitt styremedlem. SNU Prosjektutvikling vil selja sin eigarpart etter på førehand definerte kriterier. SNU Prosjektutvikling  skal ikkje nyttast i prosjekt / selskap som vil vere i direkte konkurranse med allereie etablerte føretak.

 

SNU Prosjektutvikling består av innskot frå lokale verksemder, organisasjonar, samt SNU AS.

 

Eigarar i SNU Prosjektutvikling per november 2008:

   Sparebanken Vest

   SNU

   Fellesforbundet

   Asator

   Stord Industrier

   Palantir

   Fitjar Kraftlag

   Jan Kåre Pedersen Invest

   Advantec

   Aker Kværner Stord

   Leirvik Module Technology

   Link Signatur Arkitektur 

   Eldøyane Næringspark

 

PUF har pr dags dato eigarskap i følgjande verksemnder:

   Dundelina AS (www.dundelina.com)                            

   Fanari AS (www.fanari.no)

   Fitjar Fritid og Småbåtservice AS (www.fitjarbaat.no)

    

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
31.01.2012
Ny Gründercafè 16. februar

Velkomen til Ny  Gründerkafé med SNU!


Har du nett starta eiga verksemd? Eller vurderer du å gjera det?


SNU inviterer til gründerkafé på Bytunet Cafè, Bruchetta  torsdag 16. februar  kl 19-22.


Påmelding til post@snu.as innan tysdag 14. februar.


 

15.12.2011
TOVE OLDEREIDE BJØRK VERT NY DAGLEG LEIAR I SNU


Styret i Snu har tilsett Tove Oldereide Bjørk som ny dagleg leiar. Bjørk er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole og kjem frå stillinga som Prosjektkontroll koordinator hos Apply Leirvik.


Tidlegare har ho arbeidd som kontorleiar ved Sjøtroll si avdeling i Brandasund, samt Aker Maritime Hydraulics og Teknologisenteret. - Med si utdanning og industrielle erfaring, vil Tove Oldereide Bjørk vera ein viktig ressurs i næringsutviklingsarbeidet til våre eigarar, seier styreleiar Atle Tranøy.









22.11.2011
FANARI på Nattrutekaien 9 - 11 desember 2011

FANARI har invitert kunstnarar og kreative næringar til felles visning på Nattrutekaien, Leirvik 9 - 11 desember 2011. Det vil bli høve til å møte deltakarar innan felta litteratur, design, arkitektur, biletkunst, foto og tekstil. Publikum vil kunne få oppleve mykje flott kunst og kreativitet, samt gjere gode julegåve kjøp!


FANARI ynskjer å skapa møteplassar for utøvande aktørar, og vil med dette prosjektet også gi publikum muligheita til å få eit innsyn i kreativiteten som er på denne møteplassen!
Nyhendebrev
Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhendee-post



 
Samarbeidspartnere
Dynamiske websider: iDrift AS   Design: Ibox AS