 |
|
Kort om SNU Kva me gjer Eigarskap og styre Kontakt oss Prosjektutvikling SNU-plass 2011 SNU-plass 2009 SNU-plass Oslo 2008 SNU-plass Trondheim
|
|
| | Kontakt oss | | | | | Nyttige lenker | | | |
SNU-plass | | SNU-plass er etterkvart blitt ein etablert arena som jamnleg vert arrangert i studentbyane. SNU-plass vert arrangert av SNU AS og er ein møtestad for studentar og utflyttarar frå regionen, og næringslivet i regionen. | | | På SNU-plassen får kommunane og næringslivet høve til å syna kva me har å by på i våre kommunar. Verksemdene som deltek på SNU-plasse får syna spanande jobbar og utviklingsmoglegheiter. | | | For utflyttarane skal SNU-plassen vera ein hyggeleg invitasjon heimanfrå, der ein får høve til å treffa folk frå heimstaden sin, får informasjon frå regionen sin, og får ei oppdatering på kva som ”rører” seg på arbeidsmarknaden heime. | | | SNU arrangerte SNU-plass for fyrste gong i 2001, og har jamnleg hatt slike treffstadar i Oslo, Bergen, Trondheim og på Stord. SNU-plass er etter kvart blitt ein kjend og populær møtestad for utflyttarar frå regionen. Fleire verksemder har kome i kontakt med studentar som ynskjer fast jobb eller sommarjobb, og som har flytta heim etter endt utdanning. Inntrykket ein sit igjen med etter desse SNU-plassane er at dei har vore godt mottekne. At det har vore positive sosiale møtestadar, som har gjeve auka kjennskap om kva for moglegheiter som finnes i regionen ein kjem frå. | | | SNU ser det som viktig for kommunane og næringslivet å marknadsføra seg for dei som har flytta heimanfrå. Me vil gjennom SNU-plassen syna kva for arbeids- og utviklingsmoglegheiter som fins i vår region. Sjølv om ein kanskje ikkje har konkrete planar om å flytta tilbake til regionen, ynskjer SNU gjennom SNU-plassane å skapa gode ambassadørar for regionen og næringslivet i den. Gjennom SNU-plassen legg ein med andre ord grunnlag for både kortsiktig og langsiktig rekruttering. | | | | | | | | | | |
| |
|
| | Siste nyhende | | | | 31.01.2012 | Ny Gründercafè 16. februar | Velkomen til Ny Gründerkafé med SNU!Har du nett starta eiga verksemd? Eller vurderer du å gjera det? SNU inviterer til gründerkafé på Bytunet Cafè, Bruchetta torsdag 16. februar kl 19-22. Påmelding til post@snu.as innan tysdag 14. februar.
| | 15.12.2011 | TOVE OLDEREIDE BJØRK VERT NY DAGLEG LEIAR I SNU |
Styret i Snu har tilsett Tove Oldereide Bjørk som ny dagleg leiar. Bjørk er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole og kjem frå stillinga som Prosjektkontroll koordinator hos Apply Leirvik.
Tidlegare har ho arbeidd som kontorleiar ved Sjøtroll si avdeling i Brandasund, samt Aker Maritime Hydraulics og Teknologisenteret. - Med si utdanning og industrielle erfaring, vil Tove Oldereide Bjørk vera ein viktig ressurs i næringsutviklingsarbeidet til våre eigarar, seier styreleiar Atle Tranøy.
| | 22.11.2011 | FANARI på Nattrutekaien 9 - 11 desember 2011 | FANARI har invitert kunstnarar og kreative næringar til felles visning på Nattrutekaien, Leirvik 9 - 11 desember 2011. Det vil bli høve til å møte deltakarar innan felta litteratur, design, arkitektur, biletkunst, foto og tekstil. Publikum vil kunne få oppleve mykje flott kunst og kreativitet, samt gjere gode julegåve kjøp! FANARI ynskjer å skapa møteplassar for utøvande aktørar, og vil med dette prosjektet også gi publikum muligheita til å få eit innsyn i kreativiteten som er på denne møteplassen! | | | | | | Nyhendebrev | | | | Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhendee-post | |
| | Samarbeidspartnere | | | |
|